Innlegg

Velkommen til Mat,kultur og konservering (MKK 101)

Bilde
Takk for ei kjekk og triveleg samling på MKK 101 med safting, sylting og hermetisering ved Høgskulen i Volda. Det er alltid spennande med nye studentkull, så hjertelig velkommen! No har alle kome i gang med blogging og de vert etterkvart godt kjende med verktyet. På din blogg kan du skifte layout, heading, fargar og finpusse på din profil. Det viktigaste du skal gjere fagleg er å lage ein tekst med kjeldetilvisningar og å sette inn bilder eller film. Den kan vere lurt å skrive teksten i Word og samle saman bilda eller lenkene før set saman og publiserer blogginnlegget ditt. Studentar ved Mat, kultur og konservering 2019-2020. Husk at bloggen er DIN, du bestemmer utforming, bilder, tekst og har kontroll på ditt kommentarfelt – dersom du ikkje likar ein kommentar så slett den. Lykke til med produkta som du skal lage og dokumentere fagleg bloggen! Beste helsing Kari Ryslett